Klasselærarar sine oppgåver på overnattingstur

Forslag til opplegg ettermiddag: Trykk her for meir info

  • Assistere i nokre av aktivitetsopplegga på dagtid, for å styrke vaksentettleik og ivareta tryggleik. Blir avtalt nærmare.
  • Sørge for at elevane møter i rett tid til samlingar og måltid.
  • Hjelpe elevene å starte dagen etter vekking (vi vekker elevene med å spille av en revelje på høyttaler).
  • Ta seg av disiplinære utfordringar i eigen klasse.
  • Møter med Sotra Villmarksenter (SV).
  • Sørge for at elevar som brukar/treng medisin får riktig medisinering.
  • Sørge for at elevar som treng assistent har denne ressursen
  • Vise film om opplæring i orden og øvingar til førebuing av overnattingsturen. Den finner du her:)

I løpet av dagen blir hovudkontakten med elevane fordelt mellom lærarane og SV.

  • SV har hovudkontakten i undervisningstida, mellom kl. 09.30 og kl. 16.30. Utanom dette tidsommet er det klasselærar som har hovudkontakten.
  • SV er tilgjengeleg på telefon dersom det oppstår hendingar på kveldstid eller om natta.
  • SV har hovudansvaret for undervisninga og aktivitetar på dagtid.

Klasselister og romfordeling:

Lister med namn på elevar, føresette og kontaktinformasjon blir oppbevart av klasselærar.

Klasselærar fordeler elevane på rom. (Det er mogleg å ha ekstra madrass på rom dersom det er ønskeleg.)
1 rom 8 personar
3 rom 6 personar
1 rom 4 personar
2 rom 2 personar (lærarrom)

Rutiner ved uhell / skadar:

Dersom elevar skadar seg, skal legevakten kontaktast. Dette er nødvendig for at eleven skal få oppfølgjing og for dokumentasjon mtp. evt. seinskadar.
– Ring Sotra legevakt: 116 117 eller 56 31 43 70.
– Ved livstruande skade eller sjukdom ring 113. Legevakt /legekontoret registrerer eleven og skaden, og gjev time for konsultasjon dersom dei vurderar det nødvendig.

SV er behjelpeleg med å ringe etter lege og taxi ved behov. Dersom det er behov om transport til lege blir eigne bilar brukt, eller taxi, med mindre det er nødvendig med akutt hjelp.

Ordensreglar

  • Ver med å halde orden på eige rom og på fellesområdet, ute og inne. Dersom noko blir øydelagt er de erstatningsansvarleg.
  • Vis omsyn til og ta vare på naturen rundt deg. Matboss og anna søppel blir kasta i søppelspann, ikkje i naturen ute eller på golvet inne.
  • Hald deg innanfor angjeve område, dersom du ikkje har fått tillating til noko anna av dei vaksne.
  • Røyking og all bruk av eld er forbode. Dette gjeld òg oppbevaring av fyrstikker, lightere o.l. Det er ikkje lov til å bruke tyggegummi av omsyn til reinhald og hygieniske årsaker.
  • Opphald deg på ditt eige soverom, ikkje på andre sitt.
  • Klede skal berre tørkast på tørkerom eller på anviste stader. Ovnane skal ikkje brukast til dette!
  • Vindauga skal vere lukka når du er på aktivitetar eller på tur.
  • Rett deg etter beskjeder frå personalet og lærarar/assistentar.
  • Ha god språkbruk og vis omsyn til og for medelevane dine. Her er det nulltoleranse for mobbing.

Ved brot på ordensreglane kan eleven bli sendt heim.