Informasjon til føresette

I løpet av skuleåret får alle 5. klassane i kommunen vår tilbod om overnattingstur på Fjell festning. Dette er eit samarbeid mellom Sotra Villmarksenter og Øygarden kommune. Villmarksenteret vil stå for aktivitetar på dagtid og lærarar/evt andre vaksne frå skulen har ansvar for å følgje elevane under heile opphaldet.

Aktivitetane på dagtid skjer utandørs og det er nødvendig at elevane er kledd til dette (sjekk utstyrsliste). På ettermiddagen trekk vi innandørs. Kaserna kor elevane overnattar har 35 sengeplassar, kjøkken, bad og to opphaldsrom (sjå bileter i lenkja under). På kvelden blir det lagt til rette for at elevane kan vere saman, spele brettspel, leike og ha det kjekt.

Overnatting på ein ny stad kan være litt spennande og skummelt for nokre av borna. Fint om de kan snakke om dette heime, førebu borna og oppmuntre dei til det som skal skje.

De som føresette må vere tilgjengeleg på telefon, og dersom noko skulle oppstå må ein vere førebudd på at ein kanskje må hente eleven (de vil vere mogleg å køyre heilt opp til kaserna). Lærarar er kontaktpersonar og vil ta kontakt om det er behov for dette.

Presentasjon av kaserne med bilder

Mat

Elevane har må ha med seg eigen lunsj (10.30) til første dagen og nokre skiver til kvelds. Det blir servert frukt kl. 14.30 og varm middag (taco) kl. 16.30. Skulen bestemmer om elevane skal ha med seg noko snacks til kvelden.Andre dagen blir elevane servert frukost og lunsj.

Obs: Ved spørsmål om opplegg eller informasjon vedr. matallergiar, lån av utstyr eller andre omsyn, ta kontakt med kontaktlærar. 

Det er også mogleg å ta direkte kontakt med Sotra Villmarksenter:
roger@sotra-villmarksenter.no
Tlf: 45044283

Ordensreglar

  • Ver med å halde orden på eige rom og på fellesområdet, ute og inne. Dersom noko blir øydelagt er de erstatningsansvarleg.
  • Vis omsyn til og ta vare på naturen rundt deg. Matboss og anna søppel blir kasta i søppelspann, ikkje i naturen ute eller på golvet inne.
  • Hald deg innanfor angjeve område, dersom du ikkje har fått tillating til noko anna av dei vaksne.
  • Røyking og all bruk av eld er forbode. Dette gjeld òg oppbevaring av fyrstikker, lightere o.l. Det er ikkje lov til å bruke tyggegummi av omsyn til reinhald og hygieniske årsaker.
  • Opphald deg på ditt eige soverom, ikkje på andre sitt.
  • Klede skal berre tørkast på tørkerom eller på anviste stader. Ovnane skal ikkje brukast til dette!
  • Vindauga skal vere lukka når du er på aktivitetar eller på tur.
  • Rett deg etter beskjeder frå personalet og lærarar/assistentar.
  • Ha god språkbruk og vis omsyn til og for medelevane dine. Her er det nulltoleranse for mobbing.

Ved brot på ordensreglane kan eleven bli sendt heim.